IMG_0851.JPG
 

Gunnar Standal har studert ved Universitetet i Oslo og var ferdig utdanna psykolog derfrå i 2006. Han har seinare jobba mest i psykisk helsevern for barn, ungdom og familiar, som klinikar og leiar. Han har også jobba i familievernet, og har i fleire år jobba deltid i privatpraksis med voksne. Han har eit etablert samarbeid med Norges Toppidrettsgymnas og jobbar der både med psykisk helse og prestasjonsutvikling.

Gunnar er psykologspesialist i Familiepsykologi, men har eit bredt interessefelt, som spenner frå utviklingspsykologi og familieterapi, via  organisasjonspsykologi og idrettspsykologi til psykoterapi generelt. Fagleg er han mest inspirert av Narrativ terapi, systemisk terapi og mindfulness. 

Gunnar er elles ein fyr som er roleg utan å vere treig; som er fleksibel uten å miste ryggrad; og som er fagsterk utan å vere tørr.